Sykkelløp
Sirdal skilag minner om sykkelløp på Sinnes skule, i morgon kl. 17.00. Velkomne skal de vera!
Sirdal skilag minner om sykkelløp på Sinnes skule, i morgon kl. 17.00. Velkomne skal de vera!
Fredag 14.06.2024 vert det oppstart av årrts skiskyttarskule. Starttidspunkt er 17:00. Stad er på Sirdal skiarena. Dersom DU har lyst å ta til med skiskyting, kan du kome og vera med om du er født i 2016 eller tidlegare. Ta kontakt med Espen for å melde deg på, eller om du har spørsmål, på telefon 47933197. Skiskyttarskulen er gratis, og skilaget har gevær til rimeleg utleige. Me snakkast!
Klikk på overskrifta for å lese invitasjon
Instruksar for dei som skal arrangere lysløypekarusellen
Då er tida for Lysløyekarusellen her att. Torsdag 11. januar startar me opp att på Tjørhom stadion. Inne på karusellens eiga side, kan du sjå kven av dei vaksne som skal vera med å arrangera i år. Elles er det litt anna relevant info der om du er ny, eller gamal i «gamet». Velkomen skal du vera!
Då var siste Knøttetrening over for denne gongen. Takk til alle som har delteke, og vore med å boltra seg i gymsalen i år. Ingen beinbrot eller opne sår er registrert i år heller, noko som teiknar godt for eit langt og godt liv, med koordinasjon og balanasering i botn. Siste runde hadde 11 små deltakarar ute på golvet, og etter ei kjapp, uhøgtideleg oppsummering, er det nok i alle fall 17 ullike knøtt som har vore innom i løpet…
Nok eit år er til endes, nok ein sesong med Fjelljeger er bak oss, og meg kan sjå attende på mang eit flott augneblink frå omstreif i heiene her i dalstroka innafor. Per Magne har oppsummert, og me kan no presentera resultatlista for året. Takk til alle som har delteke i år!
I denne artikkelen finn du årshjul med skilagets mange aktivitetar. Du kan legge inn kalenderen i din personlege kalender med å nytta denn iCal-lenkja, eller å leggje til i din eigen Google-kalender ved å klikke nede til høgre i kalendervisninga når du har klikka deg inn i artikkelen.
Nedanfor er alle referat frå årsmøte i Sirdal skilag tilgjengeleg.
På grunn av Corona-situasjonen og restriksjonar for konkurransar og trening, så ser me at me må ha eit alternativt system for booking og bruk av Sirdal Skiarena i denne perioden. Me har mange ulike brukarar frå ulike klubbar, og ber alle om å ta hensyn til dette. Les informasjonen under og følg med vidare på Sirdal skiarena si gruppa på Facebook. Me tek som forutsetning at alle brukarar oppdaterer seg, og følgjer gjeldande retningslinjr for trening og konkurranseaktivitet, som gjeld…