Historie
På Johan Forsbergs initiativ vart det den 5. november 1939 halde eit møte på Sinnes med føremål å skipa eit skilag i Sirdal. Det møtte 30 ski-interesserte. Etter ei orientering av Forsberg, vart det bestemt å stifta Sirdal skilag. Alle dei frammøtte teikna seg som medlemmer, og det vart valt eit styre beståande av:
- Rasmann Haugen
- Hans Tjørhom
- Sven Haugen
- Peder Ousdal
- Nils Tjørhom
På styremøte vart Hans Tjørhom valt til formann.
Skilaget starta si verksemd med å kalla inn til eit ope møte på Omlid 9. desember 1939.
Om dette møtet skreiv «Stavangeren»:
«Veldig skiinteresse i Sirdalen.
Overfylte hus til skiforedrag på Omlid.
Det nystiftede Sirdal Skilag hadde sitt første møte på Omlid lørdag 9. desember, og det fikk tilsluttning som vel ingen hadde drømt om. Helt fra Ådneram, Kvinen, og Tonstad kom det folk og Ungdomhuset på Omlid hvor møte holdtes, var stappfullt av tilhørere og enda var et mange som ikke slapp inn. Ordføreren i Øvre Sirdal, gårdbruker Torkel Nesset, var tilstede.
Den store forsamling hørte med stor interesse på tannlege Forsberg om skisport, og etterpå ble Skiforbundets nye instruksjonsfilm i hopp og langrenn forevist. Det er allerede full vinter i Sirdalen. Ved Gravatn er det ¾ meter snø og ved Kvinen er snødybden en meter. Snøen ligger siden midten av november og føre er fin-fint.»
Det vidare arbeidet i Sirdal Skilag vart stoppa av krigen som kom i 1940, men vart starta opp att straks denne var over.
Medlemstalet i 1941 var 57 stk. – http://www.sinnes.info, 2018.11.20