Berekraftig knøttetrening

Berekraftig knøttetrening

I kveld opna dørene til gymsalen litt over kl. 17, og det var ein veldig klar gjeng som venta i kjølen og mørkret utanfor. Då gjorde det ekstra godt å opne dørene til litt leik og moro for våre minste her i dalstroka innafor.

Kreativiteten blømer og hjå dei minste, og berekraftsmåla til FN nådde stadig nye høgder og konfigurasjonar i kveld. Dei litt eldre ville nok drege kjensel på det som «ekte Minecraft». Men det vart ein god plattform for mange nye satsingar.

Strålande at så mange har anledning til å koma innom gymsalen desse onsdagane!

Om du ikkje endå har rukke det, er det endå nokre onsdagar att før juleroa senker seg i desember. Så kom, kom.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *