Browsed by
Month: august 2024

Aktivitetsplan for sesongen 2024/2025

Aktivitetsplan for sesongen 2024/2025

No er planen klar for den komande sesongen i Sirdal skilag. Me har laga ein aktivitetskalender som du kan leggja til på telefonen din (iCal), eller du kan skriva han ut og klistra han på kjøleskåpet heime om det er det enklaste for deg. Me har mange aktivitetar, og noko for alle skulle ein tru. Velkomen skal det vera!

Terrengløp er i gang

Terrengløp er i gang

Torsdag 22.8 vert haustens fyrste runde med terrengløp. Barnehage- og skuleungar er alle hjarteleg velkomne! Klokka 18 er det berre å stilla med «stivla» på føtene på Høneneset, så gjeng startskotet for sesongen 2024 ganske så kjapt. Velkomen og lukke til!