Topptal på fotballtrening
Når mørket senkar seg i november, trekk mangt og mykje innomhus, mus, såvel som fotballgale mannfolk.
Det er nok ikkje å ta hardt i, om ein nyttar omgrep som «historisk», «smekkfullt» eller «sprengd gymsal» for å skildra deltakinga på fotball for herrar måndag 26.11.2018. Heile 15 spelarar var å finne i gymsalen på Sinnes skule. Om ikkje rekord (statistikk manglar), så er det i alle fall på topp 10-lista. Takk til alle som tok turen. Og hugs…det er endå plass til fleire.